Korleis kjem ein seg til og frå Bø i Telemark?

Bø ligg midt i idylliske Telemark, om lag ein to timars køyretur frå hovudstaden.

Takka vere den lokale stortingspolitikaren Gjermund Grivi (V) vart Sørlandsbanens trasé lagt innom Bø i 1924. Dette gjør det svært enkelt å kome seg til Bø via Noregs Statsbanar, som har jamne avgangar frå Oslo i aust, Kristiansand i sør og Stavanger i vest, kvar dag.

Det er også fullt mogleg å ta seg til Bø via buss. Haukeliekspressen køyrer frå Oslo i aust og Haugesund i vest fleire gongar dagleg. Telemarksekspressen køyrer frå Tønsberg, via Torp og Grenland, opp til Bø og Seljord.

Om ein kunne tenkje seg å overnatte i Bø, så er Bø hotell og Beverøya Camping heite tips! Sjå også http://www.midt-telemark.com for meir informasjon om transport, overnatting og andre aktiviteter/attraksjoner i området.

Me sjåast i mai!

Hått skjer? spør du. Sjå her! seier me.

Fredag 4. mai: 

 

  • Forfattarbesøk til skular
  • Litterær suppestasjon på Restaurant Den Gode Nabo
  • Forfattarfriby på Bø bibliotek
  • Opningsfest og utdeling av Bøker i Bø-prisen i Storsalen i Gullbring kulturanlegg
  • Lansering av forfattarstudentanes antologi i Luna Bar på Bø Hotell.
  • Klubb Luna.

Lørdag 5. mai

  • Spanande forfattarmøte på Akademika, Bø Bibliotek og Meierismuget
  • Maimarknad på Bø Torg. Gjer eit kupp!
  • Litterær suppestasjon på Restaurant Den Gode Nabo
  • Konsert med Dánjal på Vertshuset. Eit fyrverkeri av eit band!
  • Konser med Ni Liv på Låven. Ni Liv avsluttar festen!

 Me kjem veldig snart med meir konkret informasjon om dei ulike programpostane! Les ein bok medan du ventar. 

Bøker i Bø, avisannonse

Fine oppslag i avisane kring programmet til den fyrste utgåva av «Bøker i Bø». No glede me kånn skikkeleg til mai!

International Cities of Refuge Network

International Cities of Refuge Network

Bø i Telemark ble nylig med i et nettverk av byer verden over som tilbyr et fristed for forfulgte forfattere. Les mer om ICORN og det fantastiske arbeidet som legges ned.

Om Bøker i Bø

 

“Bøker i Bø skal være en unik litteraturfestival i nasjonal sammenheng.; ung, modig og aktuell. Festivalen har sitt utspring fra Forfatterstudiet i Bø, hvor mange av dagens etablerte forfattere har sin kilde, samtidig som nye skudd kommer til hvert år.”

Forfattarstudiet ved Høgskolen i Telemark, avd. Bø, har utdanna forfattarar i 30 år under leiing av landets første professor i skrivekunst, Eldrid Lunden. I dag er det forfattaren Rune Christiansen som har tatt over leiinga for studiet, og saman med Lunden, er han blant initiativtakarane til Bøker i Bø.

Bø har eit omdøme som “Staden der forfattarar skapast”. Bøker i Bø vil ta utgangspunkt i dette og vil vere ei satsing på ung og aktuell litteratur i eit samarbeid mellom Høgskolen i TelemarkTelemark fylkeskommune og Bø kommune. I 2011 blei Bø kommune tatt opp i ICORN, det internasjonale friby-nettverket for forfølgde forfattarar, og Bøker i Bø vil vere eit ledd i det å legge til rette for å ta i mot ein forfatter gjennom denne ordninga.


Velkomen!

Hei!

Velkomen til Bøker i Bø! Du lurar kanskje på kva «Bøker i Bø» er for noko? Bøker i Bø skal vere ein unik litteraturfestival i nasjonal samanheng; ung, modig og aktuell. Festivalen har sitt utspring frå Forfattarstudiet i Bø, der mange av dagens etablerte forfattarar har sin kilde, samstundes som nye skot kjem til kvart år.

Festivalen arrangerast 4. og 5. mai, 2012. Programmet kjem til å innehalde mange spanande møter med eit mangfald av forfattarar.

Me glede kånn!