Det nærmar seg festivaltid!

BØKER I BØ, 4.-5. mai 2012

Om Bøker i Bø

Bøker i Bø vil vere ein unik litteraturfestival; ung, modig og aktuell, og programmet skal spegle dette unge, modige og aktuelle i samtidslitteraturen gjennom samtalar mellom unge og etablerte forfattarar, og i møte med spennande forfattarskap og gode tekstar. Årets Bøker i Bø kan skilte med 20 forfattarar på plakaten. Bøker i Bø spring ut i frå Forfattarstudiet ved Høgskolen i Telemark med Eldrid Lunden og Rune Christiansen som drivkrefter. Studiet feirar 30-årsjubileum i år og mange av dagens etablerte forfattarar har sin bakgrunn frå Forfattarstudiet, og kvart år kjem nye skot til!

Bøker i Bø blir arrangert for første gang i 2012 og er eit prosjekt i regi av Bø kommune i samarbeid med Midt-Telemark Næringsutvikling, Høgskolen i Telemark, Sentrumsringen i Bø og engasjerte leselystne bokelskarar. Prosjektet har fått støtte frå Fritt Ord og Telemark fylkeskommune.

Ansvarleg arrangør: Bø kommune. Festivalkoordinatorar: Kristoffer Mosfjeld og Hilde Pedersen.

PROGRAM OG FORFATTARAR

Fredag 4. mai

Skulebesøk

Inger N. Bråtveit besøker Bø ungdomsskule og Bø vidaregåande skule kl. 10.00-13.00.

Litterær suppestasjon

Kjøkkenet på restaurant Den Gode Nabo diskar opp med nydeleg suppe både fredag og laurdag. Her kan du sitte i avslappande omgjevnader og diskutere tendensar i norsk samtidslitteratur over ei skål varm suppe og kanskje med noko godt i glaset.

Restaurant Den Gode Nabo. Fredag 4. mai, kl 16:00 – 19:00. Gratis inngang. Suppe kr 90,-.

Om Bø som forfattarfriby

Bø fekk status som friby for forfølgde forfattarar i 2011. Marianne Hovdan frå stiftinga ICORN (International Citis of Refuge Network), forfattaren Chenjerai Hove frå Zimbabwe og Ove Gaathaug frå Skien folkebibliotek, fortel frå ulike perspektiv om kva det vil seie å vere ein friby for forfølgde forfattarar. Chenjerai Hove (f 1956) kom til Stavanger som fribyforfattar i to år frå februar 2005. Han bur framleis i eksil. Hove skriv både på engelsk og sitt eige morsmål shona. To av romanane er omsette til norsk: “Knokler” (1990) og “Skygger” (1992). Hove var medredaktør i publikasjonen “Writers, Writing on Conflicts and Wars in Africa” (2009).

Bø bibliotek. Fredag 4. mai, kl 17:30 – 18:30. Gratis inngang.

Opningsfest i Gullbring
Opningsfest med forfattarane Eldrid Lunden, Anne Oterholm, Lina Undrum Mariussen, Aina Villanger, Inger N. Bråtveit, Leif Høghaug og to av årets forfattarstudentar; Kaja Marie Lereng Kvernbakken og Simen Dysvik Hagen. Tonefølgje ved Telemark strykekvartett; Wiggo Dahl og Birgit Hoffmann, fiolin, Ragnhild Knudsen, bratsj og Målfrid Ljønes Kvålo, cello. Utdeling av den første Bøker i Bø-prisen ved ordførar Olav Kasland og markering av forfattarstudiets 30-årsjubileum. Programleiar: Gina Winje.

Eldrid Lunden (f 1941) er ein markant poet og forfattar. Ho var med på å starte Forattarstudiet ved Høgskulen i Telemark i 1982, og i 1996 blei ho Norges første professor i skrivekunst. Lina Undrum Mariussen (f 1980) er vinnar av Tarjei Vesaas Debutantpris i 2012 for debutboka«Finne deg der inne og hente deg ut». Inger N. Bråtveit (f 1978) debuterte i 2002 med romanen ”Munn mot ein frosen fjord” og hennar andre roman ”Siss og Unn” kom i 2008. Aina Villanger (f 1979) er frå Skien. Ho debuterer i 2012 med samlinga “langsang – et flytans habitat”. Anne Oterholm (f 1964) debuterte i 1995 med romanen ”Ikke noe annet enn det du vil”. Romanen «Toget fra Ajaccio» kom i 2009. Ho var leiar av Den norske forfatterforening i perioden 2005-2012. Leif Høghaug (f 1974) har undervist på Forfattarstudiet og er forfattar, litteraturvitar og redaktør i Bokvennen forlag. Gina Winje har bakgrunn frå bokbransjen og er kultursjef i Porsgrunn kommune.

Storsalen i Gullbring. Fredag 4. mai, kl 19:00 – 21:00. Billettar: Festivalpass / 220,- / 165,-. Servering. 

Litterær quiz

Quiz´en på «Nabon» kvar fredag har i fleire år trimma dei små grå og skapt både glede og frustrasjon hos deltakarane. Denne fredagen får quiz´en eit merkbart litterært preg. Kven skreiv «Fuglane»? Kvar kjem Paulo Coelho frå? Kven vann Nobels litteraturpris i 2010? Her kan du verkeleg få testa dei litterære kunnskapane, og vi kan også love fine premiar til vinnarlaget!

Restaurant Den Gode Nabo. Fredag 4. mai, kl 21:00 – ca. 23:30. Gratis inngang.

Bokbad med Anders Odden

I boka «Piratliv» stadfestar Anders Odden alle mytene om sex, drugs and rock`n roll; eit dykk inn i tilværet som rockestjerne. Det vil også bli konsert med Magenta etter bokbadet.

Kroa i Bø. Fredag 4. mai, kl 21:00 – 02:00. Eigen billett.

Lanseringsfest

Årets kull med forfattarstudentar presenterer eigne tekstar frå antologien «Tekster som kunne blitt tannpirkere». Forfattarstudentane har gjennom heile året presentert etablerte forfattarar i forumet «Bok & Børst». Nå står dei sjølv i søkjelyset. Høyr eit mangfald av morgondagens litterære røyster allereie no. Lanseringsfesten glir umerkeleg over i Klubb Luna med DJ Audun Vinger som står bak eit av landets mest populære klubbkonsept «Contagious». Det dreier seg om farleg smittande soul frå 60-talet som får deg til å danse i takt eller utakt. Audun Vinger (f 1974) er journalist og redaktør for tidsskriftet Vinduet (Gyldendal forlag).

Luna Bar på Bø hotell. Fredag 4. mai frå kl 21:00. Gratis.

Laurdag 5. mai

Bøker i Bø hos Akademika
Akademika presenterer forfattarane Agnes Ravatn og Øivind Hånes, og inviterer til

Filosofisk hjørne med Otto Martin Christensen om sanninga i litteraturen.Agnes Ravatn er aktuell med essaysamlinga “Folkelesnad”(2011). Øivind Håneser utdanna musikkpedag og i tillegg til sin skjønnlitterære forfattarskap, har Hånes gitt ut ei rekkje faktabøker om mat og vin. Otto Martin Christensen er førsteamanuensis ved Høgskolen i Telemark.

Akademika. Laurdag 5. mai, kl 10:00 – 12:00. Gratis inngang.

Maimarknad på Bø torg

Underhaldning, marknad, auksjon, bruktbokmarknad, lesekrok, Bø ungdomskorps, Jon Solberg.

Bø torg, kl 11:00 – 16:00

Bokbad med Merethe Lindstrøm i samtale med Hilde Eika Nesje

Merethe Lindstrøm debuterte med novellesamlinga «Sexorcisten og andre fortellinger» i 1983, og sidan har ho gitt ut fleire novellesamlingar, romanar og ei barnebok. «Dager i stillhetens historie» (2011) er hennar siste roman, og for denne er ho tildelt Nordisk råds litteraturpris i 2012. Hilde Eika Nesje er journalist og redaktør i Bø blad.

Bø bibliotek. Laurdag 5. mai, kl 12:00 – 13:00. Gratis inngang.

Lesemaraton på Meierismuget

Bøker i Bø inviterer til tre spennande møte mellom markante forfattarar.

Aktuelt møte: Hanne Ørstavik og Mona Høvring med programleiar Kaja Marie Lereng Kvernbakken.

Hanne Ørstavik (f 1969) debuterte med romanen «Hakk» i 1994, har gitt ut til saman ni romanar, og er aktuell med ”Hyenene” (2011). Mona Høvring (f 1962) har gitt ut fem diktsamlingar, den siste ”Ekornet og den vaklevorne brua” (2010). Hennar første roman ”Noe som hjelper” kom i 2004. Kaja Marie Lereng Kvernbakken er student ved Forfattarstudiet i Bø.

Modig møte: Ingrid Z. Aanestad, Marita Fossum og Dag Solstad med programleiar Simen Dysvik Hagen.

Ingrid Z. Aanestad (f 1983) ga ut romanen “Stormkyss” i 2010 og har tidlegare gitt ut romanane “I dag er ein fin dag” (2006) og “Eg kjem med toget” (2008). Marita Fossum (f 1965) debuterte i 2002 med romanen «Verden utenfor». «Lykksalighet» er den femte romanen hennar (2011). Dag Solstad (f 1941) debuterte med novellesamlinga «Spiraler» i 1965. Han er ein av landets mest markante forfattarar. Hans siste ”17. roman” kom i 2009. I 2011 blei Dag Solstad tildelt Statens æreslønn. Simen Dysvik Hagen er student ved Forfattarstudiet i Bø.

Kriminelt møte mellom to telemarkingar:Vidar Sundstøl i møte med Merete Junker med programleiar Harald Nordbø.

Vidar Sundstøl (f 1963) bur i Bø. Han debuterte med romanen ”Kommandolinjer” i 2005, og mottok Rivertonprisen i 2009 for thrillerromanen «Drømmenes land», den første i den kritikarroste Minnesota-trilogien. Merete Junker (f 1959) er frå Skien Ho debuterte som forfattar i 2008, og er aktuell med krimromanen “Pumasommer” (2012).

Meierismuget. Laurdag 5. mai, kl 13:30 – 16:30. Billettar: Festivalpass / 220,- / 165,-

Litterær suppestasjon + open mic

Det blir meir suppe på Den Gode Nabo. Som siderett får du servert opplesing m.m. med Bjørn Esben Almaas, Bård Torgersen, Aina Villanger og Inger N. Bråtveit. Vi vil også opne mikrofonen for dei som elles måtte ønskje å lette på hjartet.

Bjørn Esben Almaas (f 1975) debuterte i 2001 med den kritikarroste novellesamlinga «Costa del Sol». «Sov eller snakk om kjærlighet» (2009) er Almaas’ siste roman. Bård Torgersen (f 1967) debuterte med den kritikarroste romanen «Alt skal vekk» i 2005. Han er ein markant artist, musikar og skribent. Nøytral” (2011) er hans fjerde roman.Inger N. Bråtveit (f 1978) debuterte i 2002 med romanen ”Munn mot ein frosen fjord” og hennar andre roman ”Siss og Unn” kom i 2008. Aina Villanger (f 1979) er frå Skien. Ho debuterer i 2012 med samlinga “langsang – et flytans habitat”.

Restaurant Den Gode Nabo. Laurdag 5. mai, frå kl 17:00. Gratis inngang. Suppe kr. 90,-.

Dánjal på Vertshuset

«Musikken til Dánjal er fra der klezmer hilser på Tom Waits, Øst-Europa kolliderer med Gambia og tango møter rock i en sfære der musikere fra hele Norden forenes til en unik haug av inntrykk og uttrykk». Pianisten Dánjal frå Færøyene har fått med seg musikarar frå Finland, Sverige og Danmark til dette fantastiske livebandet som rett og slett bare må opplevast!

Vertshuset. Laurdag 5. mai. Dørene opnar kl 20:00 med konsertstart kl 21:00. Billettar: 100,-/150,-

Ni Liv på Skogen

Ni Liv vart i år nominert til Spellemannspris i klassa “country”. Med eit fengande musikalsk bakteppe framfører Ni Liv sine lune kvardagsbetraktningar på ekte Bø-mål. Konserten på Skogen gård blir foreviga med innspeling av ein live-CD og live-DVD, og bandet lovar å gjere sitt beste for å skape ein minneverdig festkveld på Skogen gard.

Skogen Gård. Laurdag 5. mai. Dørene opnar kl 21:30 med konsertstart kl 22:30. Billettar: 200,-.

Bøker i Bø
Gullbringvegen 34, N-3800 Bø i Telemark

bokeribo@gmail.com

bokeribo.wordpress.com

Følg oss på Facebook og Twitter.

Advertisements
Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: