Håkken e desse forfattarane då?

Image

Eldrid Lunden

Eldrid Lunden er fødd i 1940 i Naustdal i Sunnfjord. Ho er utdanna cand. philol. ved Universitetet i Oslo og jobba ei tid som lærar i ungdomsskule og gymnas, og deretter ved Høgskulen i Volda, før ho i 1982 var med å starte Forattarstudiet i Bø, ved Høgskulen i Telemark. I 1996 vart ho Norges første professor i skrivekunst. Eldrid Lunden debuterte med diktsamlinga «F. eks juli» i 1968. Dikta hennar har blitt omsette til fleire språk, og ho har motteke ei rekkje prisar. Ho blir i dag sett på som ein stilskapar innan norsk og nordisk poesi, og som poet, tidsskriftmedarbeidar, kritikar og pedagog har Lunden hatt ein sentral posisjon innan samtidslitteraturen dei siste 20 åra.

Dag Solstad

Dag Solstad er fødd i 1941 i Sandefjord. Han debuterte med novellesamlinga «Spiraler» i 1965, og har sidan vore ein av landets mest markante forfattarar. Solstad har fått Kritikerprisen tre gonger, og i 1989 mottok han Nordisk råds litteraturpris for «Roman 1987». Han har også motteke mellom anna Doblougprisen, Språklig samlings litteraturpris, Aschehougprisen, Gyldendalprisen, Brageprisen og Brages hederspris. For «Genanse og verdighet» vart han nominert til Independent Foreign Fiction Prize i Storbritannia (2007), til Le Prix Femina i Frankrike (2008), og boka vart kåra til 1990-tallets beste roman i Århundrets bibliotek. 17. roman kom i 2009. I 2011 vart Dag Solstad tildelt Statens æreslønn for  forfattarskapen. Bøkene hans er omsette til 27 språk.

Mona Høvring

Mona Høvring (f 1962) har gitt ut diktsamlingane «IIK!! Ein dialog» (1998), «Ensomme badedager og andre dikt» (2000), «Helt vanlige mirakler» (2006) og «Å paradis» (2008). Hennar første roman, «Noe som hjelper» kom i 2004 og vart nominert til Årets bok i Bokklubben Kursiv same år. I 2006 vart diktet ”Fersken, Plomme, Pære” frå diktsamlinga «Helt vanlige mirakler» nominert til årets dikt av programmet Ordfront på NRK P2. «Helt vanlige mirakler» vart også nominert til Ungdommens Kritikerpris i 2007.

Anne Oterholm

Anne Oterholm (f 1964) i Illinois i USA. Ho er ein stilsikker minimalist som i dei handlingsfattige kortromanane «Ikke noe annet enn det du vil (1995) og «Avbrutt selskap» (1996) tek opp erotiske motiv på ein original måte. Meir filosoferande er «Avslutningen» (1999). «Tilfeldigvis begjær «(2001) er ein stilistisk gjennomført roman om lyst og kjeisamheit. «Etter kaffen» (2002) og «Sannheten» (2004) viser same sikre grep om litterære verkemidlar og struktur. Anne Oterholm ga i 2009 ut «Toget fra Ajaccio», ein fortetta roman om ein mann på reise gjennom Sør-Frankrike. Heime i Noreg sit hans kvinnelege tremenning og skriv historia hans ved hjelp av dagboknotat som han sender henne. Oterholm fekk Aschehougprisen i 2010. Ho var leiar av Den norske forfatterforening i perioden 2005-2012.

Marita Fossum

Marita Fossum (f 1965) debuterte i 2002 med romanen «Verden utenfor». Ho vart tildelt Tanums kvinnestipend i 2005, og for sin tredje roman, «Forestill deg», fekk ho Brageprisen. For romanen «Kjære gjetergutt» (2006) fekk ho Bokhandelens forfatterstipend. «Lykksalighet» er den femte romanen hennar (2011).

Ingrid Z. Aanestad

Ingrid Z. Aanestad (f 1983) er frå Klepp på Jæren. Ho er aktuell med romanen «Stormkyss» frå 2010 og har tidlegare gitt ut romanane «I dag er ein fin dag» (2006) og «Eg kjem med toget» (2008). Ho studerte ved Forfattarstudiet i Bø og seinare ved Litterär gestaltning i Göteborg.

Inger Bråtveit

Inger Bråtveit (f 1978) er frå Suldal. Ho debuterte i 2002 med romanen «Munn mot ein frosen fjord», som ho fekk Nynorsk litteraturpris for. Ho har vore medredaktør av litteraturtidsskriftet Vagant, og ho har arbeidd som omsetjar for Det Norske Bibelselskap sitt prosjekt «Bibel 2010» – ein fullstendig revisjon av nynorsk -og bokmålsutgåva av Bibelen. Hausten 2008 kom Bråtveits andre roman «Siss og Unn», ein roman om mødrer og døtrer, om å klara seg og å gå til grunne. Inger Bråtveit fekk sølvmedaljen i Dag og Tid si kåring av Årets Beste Nynorskbok 2008 for «Siss og Unn», utan å vera nominert. Ho vart også nominert til Kritikerprisen. I 2009 fekk Bråtveit Bjørnsonstipendet, Bokhandlerforeningens forfatterstipend. I 2010 mottok ho Suldal Mållags målpris.

Image

Chenjerai Hove

Chenjerai Hove er fødd i 1956 i Zvishavane i sørlege Zimbabwe. Han er poet, romanforfattar, skribent og essayist. Hove var grunnleggjar og leiar av forfattarforeninga i Zimbabwe, leiar for Zimbabwe PEN, var med på å starte Zimbabwe Human Rights Organisation (ZimRights) og var med i leiinga av ZimRights i mange år. Han har gitt ut eit høgt tal diktsamlingar og romanar. Han har dessutan vore skribent i mange aviser, og har i ei årrekkje retta eit kritisk søkejlys på styresmaktene i Zimbabwe. Hove flykta frå Zimbabwe i 2001, etter drapstruslar mot han sjølv og familien på grunn av regimekritikken hans. Han var fribyforfattar i Rambouillet i Frankrike 2002-2005, og kom til Stavanger som fribyforfattar i to år frå februar 2005. Han bur framleis i eksil. Hove skriv både på engelsk og sitt eige morsmål shona. To av romanane er omsett til norsk: «Knokler» (1990) og «Skygger» (1992). I 2009 var han medredaktør i publikasjonen «Writers, Writing on Conflicts and Wars in Africa».

 

Aina Villanger

Aina Villanger er fødd i Skien i 1979. Ho held på med ein master i estetikk ved Universitetet i Oslo og har studert ved Skrivekunstakademiet i Hordaland og ved fleire kunstskular, mellom anna ved Nordland Kunst- og filmskole. Aina Villanger debuterer med samlinga «langsang – et flytans habitat» i 2012.

Hanne Ørstavik

Hanne Ørstavik er fødd i 1969 i Finnmark. Ho debuterte med romanen «Hakk» i 1994, og har utgitt til saman ni romanar. Hanne Ørstavik har mottatt ein rekkje litterære prisar, mellom anna Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen og Doblougprisen. I 2007 fekk ho Aschehougprisen for heile forfattarskapen, og bøkene hennar er omsette til 17 språk. Hanne Ørstavik er aktuell med romanen «Hyenene» frå 2011.

Merete Junker

Merete Junker (f 1959) er frå Skien, der ho framleis bur. Ho er utdanna cand.mag frå Universitetet i Oslo med fagkrinsen kriminologi, historie og statsvitskap. Merete Junker har jobba som journalist i radio og aviser, og som lærar i mediefag i den vidaregåande skulen. Ho debuterte som forfattar i 2008, og er aktuell med krimromanen «Pumasommer» i 2012.

Image

Vidar Sundstøl

Vidar Sundstøl er fødd i 1963. Han er opprinneleg frå Drangedal, og har tidlegare budd i Minnesota i USA, men er nå busett i Bø i Telemark. Sundstøl gjekk på Forfattarstudiet i Bø i 1987, og debuterte litterært i 2005 med romanen «Kommandolinjer». I 2006 kom hans andre roman, «I Alexandria». Den tredje romanen, «Tingene hennes», vart utgitt i 2007. I 2009 fekk han Rivertonprisen for den psykologiske thrillerromanen «Drømmenes land», ein historisk kriminalroman som har handling frå det norsk-amerikanske miljøet i Cook County i Minnesota. Boka er den første i Minnesota-trilogien, og hausten 2009 kom oppfølgjaren «De døde». Minnesota-trilogien blei fullført i 2011 med «Ravnene». Sundstøl er omsett til flerie språk.

Image

Merethe Lindstrøm

Merethe Lindstrøm (f 1963) debuterte med novellesamlinga «Sexorcisten og andre fortellinger» i 1983, og sidan har ho skrive fleire novellesamlingar, romanar og ei barnebok. Karakteristisk for forfatterskapen hennar er fokuset på moderne menneske sin søken etter andre og etter meining. Mest merksemd har ho fått for novellesamlinga «Svømme under vann» (1994) og romanane «Steinsamlere» (1996) og «Stedfortrederen» (1997). For novellesamlinga «Gjestene» (2007) var ho innstilt til Nordisk råds litteraturpris 2008 og nominert til Kritikerprisen for beste vaksenbok 2007. Ho er tildelt Dobloug-prisen 2008 for sin samla forfatterskap. «Dager i stillhetens historie» (2011) er hennar siste bok, og for denne er ho tildelt Nordisk råds litteraturpris i 2012 og Kritikerprisen for beste vaksenbok. Boka blei også nominert til Ungdommens kritikerpris og P2-lytternes romanpris. http://www.nrk.no/nyheter/kultur/litteratur/1.8099398

Lina Undrum Mariussen

Lina Undrum Mariussen kjem frå Bjølsetgrenda i Elverum, og er fødd i 1980. «Finne deg der inne og hente deg ut» er hennar første bok og for denne mottok ho Tarjei Vesaas Debutantpris i 2012 og blei nominert til Norlis debutantpris. Frå Lina Undrum Mariussens bloggprofil: «har pensko, møkkesko, sykkel med to gir, liker åker, skog, fjell & livet på landet & bønder i byen. Kommer fra Elverum, bor ved Østmarka i Oslo».

Image

Agnes Ravatn

Agnes Ravatn er fødd i 1983. Ho debuterte i 2007 med romanen «Veke 53» (Samlaget), som vart belønna med Natt&Dags «Bergensprisen» for beste bok i 2007, Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts fond i 2008, og Rogaland Fylkeskommunes litteraturstipend i 2008. I 2009 kom essaysamlinga «Stillstand. Sivilisasjonskritikk på lågt nivå». I 2011 kom «Folkelesnad», ei essaysamling om norske ukeblad og magasin. Ho abeider som journalist i Dag og Tid. Ravatn fekk Språkprisen for nynorsk i 2011 for Stillstand og Folkelesnad.

Øivind Hånes

Øivind Hånes er fødd 1960 i Krokstadelva, og er busett i Köln i Tyskland. Han debuterte som forfattar med romanen «som vil deg isbre for isbre» i 1991. Hånes er utdanna musikkpedagog og har brei arbeids- og yrkeserfaring som lærar, skribent, redaktør, musikar, komponist, plateprodusent og forfattar. I tillegg til sin skjønnlitterære forfattarskap, har Hånes gitt ut ei rekkje faktabøker om mat og vin. Som musikar har han utgitt fleire CD-plater. Bøkene hans er omsette til tysk, spansk, nederlandsk, russisk og litauisk. For romanen Pirolene i Benidorm (2005) blei han nominert til Nordisk råds litteraturpris. Hånes ga ut romanen «An der schönen blauen Donau» i 2011.

Bjørn Esben Almaas

Bjørn Esben Almaas  (f 1975) er frå Ski. Han debuterte i 2001 med den kritikarroste novellesamlinga «Costa del Sol». I 2003 kom hans første roman «Katzenjammer». Han har også laga kortfilm og skrive filmmanus. «Sov eller snakk om kjærlighet» (2009) er Almaas» andre roman.

Bård Torgersen

Bård Torgersen (f 1967) er frå Rykkinn, men bur i Oslo. Torgersen debuterte med den kritikarroste romanen «Alt skal vekk» i 2005. Han har sidan gitt ut romanane «Det siste dyret» (2007) og «Maskinens uerstattelige deler» (2009) og diktsamlinga «Hei horunger». Romanane hans skildrar menneske som, frivilleg eller ufrivilleg har hamna i randsonane til den norske fellesskapen. Dei viser eit samfunn som er i ferd med å rakne, der ubehag og brutalitet lurar under kvardagens overflate.
 «Nøytral» (2011) er hans fjerde roman. Sidan midten av nittitallet har Torgersen også markert seg som artist, musikar – og skribent med ei tydeleg stemme i publikasjonar som Natt&Dag og Dagbladet, samt med antologien «Fullt Kaos. Fritt Fram» (Aschehoug).



Advertisements
Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: