Håkken, hårre og hått på Bøker i Bø!

Her kan du sjå kva som skjer under vår rykande ferske litteraturfestival:

Fredag 4. mai

Kl 16:00 – 19:00: Litterær suppestasjon på Restaurant Den Gode Nabo. Fyll magen med deileg suppe før kveldens mange litterære inntrykk!

Kl 17:30 – 18:30: Bø som friby for forfølgde forfattarar på Bø bibliotek.  Marianne Hovdan og Chenjerai Hove fra ICORN  og Ove Gaathaug frå Skien bibliotek fortel meir om kva det vil seie å vere ein friby for forfølgde forfattarar.

Kl 19:00 – 21:00: Opningsfest i Gullbring. Eldrid Lunden, Anne Oterholm, Lina Undrum Mariussen, Aina Villanger, Inger N. Bråtveit, Leif Høghaug, to av årets forfattarstudentar og Telemark strykekvartett bidreg alle til ein verdig opningsfest. Programleiar er Gina Winje.

Kl 21:00 – 23:00: Litterær quiz på Restaurant Den Gode NaboTest dine litterære kunnskapar. 

Kl 21:00 – 23:00: Lanseringsfest for antologien til årets forfattarstudentar i Luna Bar på Bø Hotell. Høyr morgondagens stemmer allereie no. 

kl 23:00 – 01:00: Klubb Luna med DJ Audun Vinger. Mannen bak det svært populære klubbkonseptet, “Contagious” byr opp til dans ut i de seine nattetimar. 

Laurdag 5. mai

Kl 10:00 – 12:00: Opplesning, boksignering, om mat og skrift,  filosofisk hjørne på Akademika. Agnes Ravatn, Øivind Hånes m.fl.

Kl 10:00 – 16:00: Mai-marknad på Bø torg. Auksjon, underhaldning,  bruktbokmarknad, bytting av bøker, lesekrok m.m. 

Kl 12:00 – 13:00: Bokbad med Merethe Lindstrøm på Bø bibliotekÅrets vinnar av Nordisk Råds litteraturpris fortel om eigen skriving. 

Kl 13:30 – 14:30: Lesebolk/forfattarmøte #1 på MeierismugetMona Høvring og Hanne Ørstavik. Programleiar Kaja Marie Lereng Kvernbakken.

Kl 14:30 – 15:30: Lesebolk/forfattarmøte #2 på MeierismugetDag Solstad, Marita Fossum og Ingrid Z. Aanestad. 

Kl 15:30 – 16:30: Lesebolk/Forfattarmøte #3 på Meierismuget. Merete Junker og Vidar Sundstøl. 

Kl 17:00 – 20:00: Litterær suppestasjon og åpen mic på Restaurant Den Gode Nabo. Meir deileg suppe, akkompagnert av opplesing frå Bjørn Esben Almaas, Bård Torgersen, Aina Villanger, Inger N. Bråtveit og dei som ellers måtte ønskje å lette på hjartet.

Kl 20:00 – 22:30: Konsert med Dánjal på Vertshuset i regi av Bø Jazzklubb og Telemarkfestivalen. “Musikken til Dánjal er fra der Klezmer hilser på Tom Waits, Øst-Europa kolliderer med Gambia og tango møter rock i en sfære der musikere fra hele Norden forenes til en unik haug av inntrykk og uttrykk” (Eigen billett).

Kl 22:30 – 01:00: Konsert med Ni Liv på Låven i regi av Sentrumsringen. Bøheringane i Ni Liv vart nominert til Spellemannspris i klassa “country”. Med eit fengande musikalsk bakteppe framførar Ni Liv sine lune kvardagsbetraktningar på ekte Bø-mål. (Eigen billett).

Endringar kan forekome. Billettar til Bøker i Bø på gullbring.no / 35 06 03 90

Advertisements
Føregåande post
Kommenter innlegget

2 kommentarar

  1. Fredag 4. mai vil det også bli et Bokbad på Kroa i Bø-. mer info kommer i Kulturguiden 🙂

    Svar
  2. Akademika Telenmark avd.BØ

     /  20/04/2012

    Lørdag 5.mai hos Akademika.
    Agnes Ravatn les kl 10.00-10.30, Øivind Hånes kl 10.30-11.00. Han vil lage fiskekaker på standen til Akademika på Bø Torg etter dette! Forfatteren har utgitt matbøker også..
    Les dere opp. Vi har bøkene.
    Filosofisk hjørne kl 11.00-12.00

    Svar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: