Merethe Lindstrøm kjem!

Me ønskjer alle ei god påske med den flott nyheita om at den ferske vinnaren av Nordisk Råds litteraturpris, Merethe Lindstrøm kjem til bokbad på Bø bibliotek, laurdag 5. mai.

Akademika og Bø bibliotek kan melde om stor etterspørsel etter den siste romanen hennar, “Dager i stillhetens historie”!

 

Korleis kjem ein seg til og frå Bø i Telemark?

Bø ligg midt i idylliske Telemark, om lag ein to timars køyretur frå hovudstaden.

Takka vere den lokale stortingspolitikaren Gjermund Grivi (V) vart Sørlandsbanens trasé lagt innom Bø i 1924. Dette gjør det svært enkelt å kome seg til Bø via Noregs Statsbanar, som har jamne avgangar frå Oslo i aust, Kristiansand i sør og Stavanger i vest, kvar dag.

Det er også fullt mogleg å ta seg til Bø via buss. Haukeliekspressen køyrer frå Oslo i aust og Haugesund i vest fleire gongar dagleg. Telemarksekspressen køyrer frå Tønsberg, via Torp og Grenland, opp til Bø og Seljord.

Om ein kunne tenkje seg å overnatte i Bø, så er Bø hotell og Beverøya Camping heite tips! Sjå også http://www.midt-telemark.com for meir informasjon om transport, overnatting og andre aktiviteter/attraksjoner i området.

Me sjåast i mai!

Hått skjer? spør du. Sjå her! seier me.

Fredag 4. mai: 

 

  • Forfattarbesøk til skular
  • Litterær suppestasjon på Restaurant Den Gode Nabo
  • Forfattarfriby på Bø bibliotek
  • Opningsfest og utdeling av Bøker i Bø-prisen i Storsalen i Gullbring kulturanlegg
  • Lansering av forfattarstudentanes antologi i Luna Bar på Bø Hotell.
  • Klubb Luna.

Lørdag 5. mai

  • Spanande forfattarmøte på Akademika, Bø Bibliotek og Meierismuget
  • Maimarknad på Bø Torg. Gjer eit kupp!
  • Litterær suppestasjon på Restaurant Den Gode Nabo
  • Konsert med Dánjal på Vertshuset. Eit fyrverkeri av eit band!
  • Konser med Ni Liv på Låven. Ni Liv avsluttar festen!

 Me kjem veldig snart med meir konkret informasjon om dei ulike programpostane! Les ein bok medan du ventar. 

Bøker i Bø, avisannonse

Fine oppslag i avisane kring programmet til den fyrste utgåva av “Bøker i Bø”. No glede me kånn skikkeleg til mai!

International Cities of Refuge Network

International Cities of Refuge Network

Bø i Telemark ble nylig med i et nettverk av byer verden over som tilbyr et fristed for forfulgte forfattere. Les mer om ICORN og det fantastiske arbeidet som legges ned.

Om Bøker i Bø

 

“Bøker i Bø skal være en unik litteraturfestival i nasjonal sammenheng.; ung, modig og aktuell. Festivalen har sitt utspring fra Forfatterstudiet i Bø, hvor mange av dagens etablerte forfattere har sin kilde, samtidig som nye skudd kommer til hvert år.”

Forfattarstudiet ved Høgskolen i Telemark, avd. Bø, har utdanna forfattarar i 30 år under leiing av landets første professor i skrivekunst, Eldrid Lunden. I dag er det forfattaren Rune Christiansen som har tatt over leiinga for studiet, og saman med Lunden, er han blant initiativtakarane til Bøker i Bø.

Bø har eit omdøme som “Staden der forfattarar skapast”. Bøker i Bø vil ta utgangspunkt i dette og vil vere ei satsing på ung og aktuell litteratur i eit samarbeid mellom Høgskolen i TelemarkTelemark fylkeskommune og Bø kommune. I 2011 blei Bø kommune tatt opp i ICORN, det internasjonale friby-nettverket for forfølgde forfattarar, og Bøker i Bø vil vere eit ledd i det å legge til rette for å ta i mot ein forfatter gjennom denne ordninga.


Velkomen!

Hei!

Velkomen til Bøker i Bø! Du lurar kanskje på kva “Bøker i Bø” er for noko? Bøker i Bø skal vere ein unik litteraturfestival i nasjonal samanheng; ung, modig og aktuell. Festivalen har sitt utspring frå Forfattarstudiet i Bø, der mange av dagens etablerte forfattarar har sin kilde, samstundes som nye skot kjem til kvart år.

Festivalen arrangerast 4. og 5. mai, 2012. Programmet kjem til å innehalde mange spanande møter med eit mangfald av forfattarar.

Me glede kånn!